2.2. Frihandsutval

Figur 7.5. Å bruke frihandsutvalet

4.2.3. Oversyn over bruksområda for flytteverktøyet

Flytte eit utval

Flytteverktøyet kan bare flytte omrisset av utvalet. Dersom flyttemodus er sett til “Lag”, må du halde nede tastane Ctrl+Alt samstundes. Dersom flyttemodus er sett til utval, kan du klikke og dra eitkvart punkt i biletet for å flytte omrisset av utvalet.

Sjå Seksjon 2.1, “ Å flytte eit utval for fleire bruksområde for flytteverktøyet

Flytte eit lag

Når flyttemodus er sett til “lag”, kan du velje mellom å Flytte det aktive laget og, dersom du har fleire lag, Vel eit lag eller hjelpelinje.

Flytt ei hjelpelinje

Flytteverktøyet blir aktivert automatisk når du hentar ei hjelpelinje frå linjalen. Dersom du i mellomtida bruker eit anna verktøy, må du aktivere flytteverktøyet igjen for å flytte hjelpelinja. Når flytteverktøyet treff ei hjelpelinje, skifter ho til raudt og du kan klikke og dra for å flytte henne.

Flytte ein bane

Banane bruker sin eigen flyttefunksjon, sjå Seksjon 6.1, “ Banar, men du kan også bruke flytteverktøyet dersom flyttemodus er sett til “bane”. Den flytta banen blir usynleg til du har gjort han synleg igjen frå banedialogen. Du kan velje kva bane som skal flyttast eller